ASKVOLL OG HOLMEDAL IL – 11. MAI 1997

Både Askvoll IL skipa i 1925 og Holmedal IL skipa i 1934 var veldrevne lag på kvar sin måte. Det var likevel fleire faktorar som tala for at det ville vere bra for alle om det vart ei samaslåing til eitt nytt idrettslag. Det var sjølvsagt ikkje alle i dei eksisterande laga som syntes dette var ein god idé sidan måten laga vart drivne på, var ulike. I Askvoll var det hovudlaget som sytte for økonomien til gruppene, medan det i Holmedal var gruppene som sytte for å skaffe midlar til eiga drift. Likevel vart det semje om å slå laga saman - og det enda til slutt med at laget skulle heite Askvoll og Holmedal IL. Grunnen til namnet var at det skulle vere attkjennande for resten av krinsen og laga i Sogn og Fjordane.

Kvifor var dette naudsynt?

Askvoll IL hadde desse tilboda:

Friidrett – Orientering – Volleyball – Trimgruppe.

Holmedal IL hadde desse tilboda:

Fotball – Handball – Ski.

Mange aktive born og voksne var med i grupper i begge idrettslaga og det resulterte sjølvsagt i to medlemskontingentar. Idrettslaga hadde tidlegare ein avtale om at dei ikkje skulle ha konkurrerande aktivitet – dvs kjempe om dei same borna – dei skulle ikkje måtte velge kvar dei ville delta. Dette var difor også eit viktig argument for å starte arbeidet med samanslåing.

Eit anna viktig argument var å skaffe leiarar / tillitsvalde til laga. Slitasjen på dei som hadde drive laga i mange år var reell – difor var også det noko som måtte takast med i vurderinga.

Sakna du undergruppa di? Ta kontakt med Kristoffer Helle.

Politiattest

Det er eit krav om at alle som har eller skal ha eit tillitsforhold til barn og unge i AHIL fotball skal framvise gyldig politiattest.

Les mer om politiattest.

Hovudstyret

Tittel Navn E-post Telefon
Styreleiar Tommy Veberg Send e-post 95060984
Nestleiar Stein Erlend Nesberg Send e-post 41300357
Skrivar Siri Nesberg Send e-post 95106828
Kasserar Kent Hugo Svortevik Send e-post 90951611
Medlem Henriette Gjervik Send e-post 95208069
Vara  Tom Børge Strømmen Send e-post 94897042
Vara Steffen Iversen Send e-post 99478212