Formål
Inkluderingsfondet i Askvoll har som formål å gje barn og unge i Askvoll kommune høve til å kunne delta på aktivitetar saman med laget sitt, som ein ellers ikkje ville hatt grunna private økonomiske forhold.
Fondet kan og nyttast til støtte til innkjøp av treningsklede eller utstyr, samt dekking av treningsavgift eller medlemskontigent.
Inkluderingsfondet skal:
- Hjelpe til inkludering i felleskapet
- Hjelpe barn og unge å delta i fellesopplevingar som skaper gode barndomsminne
- Hjelpe til inkludering i felleskapet.
- Hjelpe barn og unge til å være med venner på viktige felles opplevingar.
- Bidra til god psykisk helse
- Bidra til god fysisk helse
HØVE TIL Å DELTA
Nokre unger må være heime medan resten av laget reiser på turnering om sommaren. Medan dei aller fleste gledar seg og planlegg reisa, så er det kanskje nokre som kun må høyre om planlegginga.
Det kan være tungt gå på trening i slike periodar. Laget kjem heim med gode minner, kjekke historier, og dei har blitt ein samansveisa gjeng.
Inkluderingsfondet er til for at òg desse barna og ungdommane skal få høve til å være med, og du kan søke støtte på vegne av deg sjølv, dine barn eller andre sine barn.
Fotball og handball er døme på aktivitetar der det blir stilt krav til utstyr, treningsavgift og transport. Dette kan vere ei utfordring når målet er at alle skal ha høve til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Trenden nasjonalt er at tal barn frå hushald med vedvarande låg inntekt har auka mellom 2006 og 2016. Utviklinga viser at Askvoll kommune har fått fleire barn under 18 år busett i hushald med låg inntekt. I 2017 var det 77 barn under 18 år frå hushald med låg inntekt ifølgje folkehelseprofilen for Askvoll kommune. Tal barn frå hushald med låg inntekt skjer i same periode som kommunen har ein vekst i andelen innvandrar og kan kanskje forklare ein del av auken. Samstundes har talet på einslege forsørgjarar auka.
Prat med oss
Har du spørsmål på eigne eller andre sine vegner?
Spør oss!
All kontakt og informasjon blir behandla konfidensielt og med full diskresjon
Inkluderingsfondet i Askvoll er eigd av fotball- og handballgruppa.
Inkluderingsfondet i Askvoll har eige styre.
Kristoffer - 95241954
Håvard - 95291603
Anita - 41411715
Harriet - 97542245
Henvend deg om støtte eller stønad til inkluderingsfondet
Synest du det er vanskeleg å ta kontakt med oss i Inkluderingsfondet i Askvoll? Alle trenarar og kontaktpersonar i idrettslaga i kommunen kjenner til ordninga vår. Dette betyr at du kan prate med den personen du kjenner best, og ei henvendig om støtte frå inkluderingsfondet i Askvoll kan være så enkelt som ein kort og uforpliktande prat med ein av dei.
Ofte stilte spørsmål:
- Kven kan benytte seg av fondet? Alle barn og unge i Askvoll kommune inntil fylte 18 år kan henvende seg
- Kven veit at eg har henvendt meg? Kun styret i Inkluderingsfondet i Askvoll veit dette. All kontaktinfo blir sletta når året er omme.
- Må eg oppgje navn og kontaktinfo når eg henvende meg på vegne av andre? Ja, men informasjonen blir ikkje lagra
- Kan eg henvende meg på vegne av eit heilt lag? Nei
- Kva støtter inkluderingsfondet? Deltaking på turnering, reiser og sosiale tilsteldningar. Kjøp av ustyr, leggskinn, overtrekkskelde mm.
- Kan eg søke om dekning av treningsavgift og medlemskontigent? Ja
Dokument:
Sponsorer og viktige bidragsytarar til Inkluderingsfondet i Askvoll