Der får du flotte spor i 2 og 4 km sløyfer. På kvelden vert deler av løypa lyssett og det er lys så lenge det er folk. Løypa vert «preppa» ved behov.

Informasjon om dette finn du enten her eller på facebook sida (Rivedal skiløype). 

Skiløypa ligg på garden i Rivedalsvegen 80. Den går dels på jorder og dels på skogsveg i retning Holmedal før den runder av og går i retur same veg (sjå kart).

Løypa passer for alle. Det er parkering på oppmerka plasser. Anlegget er gratis å bruke, men det vert sett stor pris på om ein ynskjer å vippse nokre kroner (vippsnr 135912, merk betalinga «skigruppa).

Skiløypa har eksistert sidan 1986. Den vart sett opp av skigruppa med mykje dugnad og midlar frå private, samt lokalt næringsliv og åpna med ein staffett med lokalavisa til stades. Det vart arrangert mange ski og karusellrenn i Rivedal frå midten av 80-talet og fram mot midten av 90 talet, etter det har arrangementa av ulike årsaker vorte færre. Skigruppa består av i dag av grunneigar, Trine Rivedal og «løypebas» Aleksander Ask. Dei sørger for at DU skal få muligheten til å ta deg ein kortreist skitur. Håpar vi ser DEG i sporet! Dersom du har spørsmål finn du kontaktinformasjonen på sida her.

Løypekart

Kontaktperson
Trine Rivedal
Mobil: 94829089

Bli medlem
Foreldre/ foresatte bes om å registrere seg og sine barn som medlem i klubben.
Les mer om medlemskap i klubben

Registrer deg/ditt barn som medlem