AHIL - Fotball

Vi er ein breiddeklubb med fokus på fotballglede og tilbod om aktivitet for alle i kommunen.

 

Gode minner, idrettsglede og meistring!

 

AHIL fotball er ein breiddeklubb som har hatt god vekst siste åra.

Vi blei i 2021 ein sertifisert kvalitetsklubb.

AHIL fotball har tilbod til jenter og gutar i nesten alle aldre, frå 5-6års alderen heilt opp til senior. På herresiden har vi Old Boys treningar også.

AHIL fotball er opptatt av Fair Play, og forventar at samtlege medlem både på fritid, trening og kamp etterlev Fair Play prinsippa

AHIL fotball er ein breiddeklubb som tilbyr fotball til folk i tilnærma alle aldre – vi vil at barn, unge og vaksne skal elske spele fotball. 
Vi ønsker òg eit fotballfagleg miljø i klubben for lagleiarar, trenarar og dommarar.

 

Treningstad:

Skuleidrettsplassen er lokalisert ved Askvollhallen.  Her er det ei kunstgrasbane med tilhøyrande Brakke og ballbinge. Her disponerar ein garderobene som er i forbindelse med Idrettshallen. Kiosk ved brakka og møterom i hallen.

Hilvang, truleg den flottaste grasbana i fylket, er i Holmedal. Klubbhuset ved Hilvang har heime-, borte- og dommargarderober med dusj, kiosk og publikumstoalett.

Askvollhallen: AHIL fotball får tider av hovudlaget, så sette vi sjølv opp treningstidene. Det kan være kulturelle tilstelningar som går føre idretten, dette blir det opplyst om her