Det er eit krav om at alle som har eller skal ha eit tillitsforhold til barn og unge i AHIL fotball skal framvise gyldig politiattest.

Dette gjeld uansett varigheit av tillitsforholdet. I praksis betyr det at alle som har eit tillitsverv i klubben, samt dei som skal overnatte på turneringer, kampar eller andre arrangement skal framvise gyldig politiattest.

Slik søker du

1 – Før du søker: Opprett ei digital postkasse dersom du ikkje har da frå før. Politiattesten kjem i denne. Har du reservert deg mot digital post blir den sendt med vanleg post. Du kan kun søke om politiattest for deg sjølve. Innhenting av politiattest er gratis!

2: Legg med ein bekrefting på kva du skal bruke attesten til: 

  • Trykk her for å finne skjema om formålsbekreftelse.
  • Fyll ut personleg informasjon.
  • Send eller lever personleg til politiattestansvarleg i klubb som so fyller ut formål, signerer og returnerar til deg.

3. Send søknad: Fyll ut kontaktinformasjonen din og vel kategori og formål med politiattesten. Last opp PDF med bekreftelse på formålet.

4. Søknaden blir behandla: Du får søknaden 2-3 veker frå den er mottatt dersom du har ei digital postkasse. Skal den sendast med post tek da noko lengre tid.

Når politiattesten er mottatt:

  • Når attesten er mottatt skal denne framsynast for politiattestansvarleg i AHIL fotball. Fra 11.02.21 er dette Stein Erlend Nesberg.