Som ein del av det haldningsskapande arbeidet i AHIL-fotball er Fair Play noko som skal være på dagsorden hjå oss, og skal være eit naturleg emne på alle styremøter, møter i SU samt på trenar- og lagleiarmøte.
Vi som er vaksne i AHIL-fotball har ein enorm påverkningskraft ovanfor spelarane i klubben, og det er viktig at vi nyttar oss av dette når det gjeld gode haldninger, toleranse og respekt for kvarandre og idretten vår.
Det er mange unge spelarar i AHIL som ser opp til eldre spelarar og trenarar i klubben.
Alle som ønsker å spele fotball er hjarteleg velkomne til å spele fotball i AHIL, og vi som klubb legger opp til at alle som ønsker skal få eit tilbod om å få spele fotball anten om ein er 13 år og aldri har spelt fotball før, eller om ein kjem frå Bulandet eller Kvammen og blir dermed ein "ekstra" utgift å ha med grunna transport og tilrettelegging. Ingen skal bli stengt ute grunna sosial eller kulturell bakgrunn, eller på grunn av andre ting som kjønn, alder, seksuell orientering.
Vi er mange engasjert i fotballen i AHIL, og vi har alle har eit ansvar om å forsterke det gode fotballmiljøet som er.
Spelarar, trenarar, lagleiarar, dommarar, kampvertar, foreldre, besteforeldre, publikum, frivillige, sponsorar med fleire. Alle har òg eit ansvar for å påvirke haldningar kor ein oppleve episoder som er prega av manglande respekt og toleranse.
Vi er glad for at det ikkje er ein debatt i AHIL-fotball om at Fair Play er med på å øydelegge fotballen for at vi ikkje lenger få gå til i duellar, eller at vi ikkje kan ha naborivalisering til våre naboklubbar. Dette viser at vi som klubb har forstått kva Fair Play er, og kva Fair Play skal bidra til - nemleg å beskytte fotballen sine verdier, sikre at miljøet i- og rundt fotballaktiviteten er prega av tryggleik og respekt, slik at alle som er med kan kjenne at deltaking i fotballen og idrett forøvrig er noko som gir noko tilbake - anten det er som aktiv spelar, som frivillig eller som tilskodar.
Når du spør kva Fair Play er, så får vi mange forskjellige svar. På ein Fair Play Natursti i Askvoll i sommar meinte nokre unge AHIL- jenter at det handla om å være grei med kvarandre, eit veldig bra svar forøvrig. Fair Play kan og handle om å syne respekt, om å skape trivsel, å inkludere, om å sjå kvarandre, å skape smil, å syne mot, om å annerkjenne og om å være tydeleg på si eiga rolle i klubben.
Fair Play kan være så mangt, men eg trur vi alle er samde i punkta ovanfor og det bodskapet som blir formidla gjennom dei. Alle i AHIL-fotball har eit ansvar til å bidra til å forsterke prinsippa om Fair Play, og ved å gjere dette motarbeidar vi dei heller mørke motsetningane til det som er nemnt ovanfor, nemleg negativitet, juks, hets, mobbing og eksludering.
For å bli endå meir bevisst på Fair Play bad vi ungdomslaga i AHIL fotball samt dei frivillige i klubben (styret, SU, trenarar, lagleiarar, rekrutteringsansvarleg, dommarar) om å ta fotballen sitt Fair Play Kurs, og her endte vi opp på over 90% fullført!!