Idag brukar Mathea og Liam frå Bulandet og Værlandet over 7 timar i veka på reise til og frå trening i Askvoll, noko som er svært imponerande. I tillegg er det ventetid før trening då ferja klappa til kai 1725 medan enkelte treninger ikkje byrja før 1900.
 
Her snakkar vi treningsvilje utan sidestykke!
 
Dessverre er det mykje aktiviteten dei ikkje har fått vore med på då det kun er sein ferjeavgang onsdag, torsdag og søndag - og på dei andre dagane går siste ferja 1915.
Det er og unge frå Atløy som returnerer til Askvoll etter at siste ferja har gått til Atløy 2215 for kvelden, særskilt på ungdomslaga.
 
Dette må gjerast noko med!
 
AHIL fotball har oppretta ein taxibåt-konto med tilknytta Vipps (Vippsnummer #711152).
 
Dette går utelukkende til taxibåttransport slik barn og unge kan være fullverdig spelar utan begrensninger når det kjem til heimreisa.
Vi har fått kjekke priser på turar med taxibåten til Vidar Olset, og ser fram til eit godt samarbeid med han.
Om nokre har lyst støtte dette tilbodet, så er det berre å vippse til AHIL Taxibåt: #711152.
Vi er takknemlige for kvart eit bidrag!
 
 
Les og sjå meir om tøffingane:
 
Askvoll kommune har fått midlar frå den fylkeskommunale tilskotsordninga "lokal transport for ungdom".
Midlane skal nyttast til å forbetre reisetilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld. Når det gjeld idrett, så skal støtte frå ordninga i utgangspunktet ikkje gå til transport i samband med kampar, men berre til treningsaktivitetar.
For 2021 har kommunen øyremerka 5000 kr til AHIL fotballgruppa som skal dekke utgifter til båttransport i samband med treningsaktivitetar, og for vårsesongen 2022 er 18 000 kr. (ekskl. mva) øyremerka til AHIL fotballgruppa som skal dekke same utgiftene (i perioden januar – juni 2022).
 
Utgifter i samband med kampar vert dekka av midlane på Taxibåtkontoen frå bedrifter og private.
 
Det har rett og slett vore rørande å sjå kor mange som går inn for å legge til rette for at barn og unge lengst vest skal ha det same fotballsportslege tilbodet som dei som bur på fastlandet (Kommune, bedrifter og private).
Dette er tydelig er noko som har vore viktig for mange
 
Denne ordninga gjer at Vidar Olset ligg klar når tildømes Mathea returnerer til Askvoll etter eit knepent tap mot Førde 3 etter siste ferja har gått for kvelden.
 
 
Dette er givarane til Taxibåtkontoen per 01.02.22
Stiftelsen Alvhilds Minne til Værlandets vel
Nikøy AS
AHIL Inkluderingsfond
Bulandet IL
Værlandet IL
Askvoll Idrettsråd
Grunnfjell
Askvol Kommune via den fylkeskommunale tilskotsordninga "lokal transport for ungdom".
Vipps frå private givarar.
Lerøy Bulandet
 
 
Bilde av Elena, Jonathan, Eirik og Jan etter den første av forhåpentlegvis mange treningar med AHIL.