Kampvert møter 1 time før kampstart. Sekretariat og kiosk møter seinast ½ time før kampstart. Trenar er ansvarleg for å låse opp hallen 1 time før kampstart.
Kampvert og kiosk skal gå med refleksvest merka «kampvert». Desse ligg i ein kasse som står i skåpet i rommet før møterommet (der pengeskrinet står) og nøklar til dette skapet og til kjøkkenet heng på møterommet.
Kampvert:
- Ønsker laga velkomen og vise til garderobe
- Etterfyller tørkepapir og toalettpapir på toaletta
- Koster tribune og garderobar ved slutt, vaske evt flekkar/søl
- Tømme alle søppelbøtter – ha i nye bossposar. Bossposar finn ein på vaskerommet
Sekretariat:
- Vi nyttar elektronisk kamprapport, «live» registrering under kamp (frå G12/J12 og oppover)
- Gjere klar sekretariatet og pakke det ned etter kamp – sekretariatbordet står under metalltrapp til tribuna, panel til den nye tavla ligg i skåp til venstre for døra inn til kontoret.
- G16/G17-20/Herre/Dame: Finne fram kasse til klister - fjerne klister etter kamp
- Hjelpe til med rydding, søppel og vask ved slutt
Kiosk:
- Dei som skal stå i kiosken tek med bakst til sal
- Det blir kjøpt inn vaffelmix som kan brukast ved behov
- Vi oppfordrar til mest mogleg bruk av Vipps
- Hjelpe til med rydding, søppel og vask ved slutt
Pengeskrin med vekslepengar ligg i skapet i rommet før møterommet, nøklar til dette skapet og til kjøkkenet heng på møterommet. Dommarane kan betalast frå kassen, hugs kvittering!
Dersom det ikkje passar på oppsett dato må ein bytte innbyrdes. Ein vil få info ved forandringar av kampprogram. Frå G12/J12 og oppover skal det alltid vere to personar i sekretariatet (ein som registrere elektronisk kamprapport og ein som styrer tavla). Dei som treng det vil få opplæring i digital kamprapport og tavla, ta kontakt med styret som kan organisere opplæring.