Handballen har sesongen 2022/2023 seks aktive lag i tillegg til minihandballen.

Medlemstalet er stabile blant dei yngste, vi har god rekruttering og flest aktive medlemmer i aldersgruppa 6-12 år. Minihandballen har rundt 45 medlemmer, og J9/J10/G10 ca 40 medlemmer. Ungdomslaga J13 og G13 har totalt kring 20 spelarar.

Vi samarbeider med Dale IL Handball om å stille lag i dei eldste aldersklassane og har i dag samarbeidslag for G14, og avtale om overgang til Dale frå og med G16. Totalt har AHIL Handball 111 aktive medlemmer.

I haustferien arrangerer vi handballskule over 3 dagar, eit populært tilbod for aldersgruppa 7-13 år. 

Heimebana vår der vi trenar og spelar kamp er i Askvollhallen, som ligg rett attmed Askvoll skule, symjehallen og Skuleidrettsplassen. Askvollhallen stod ferdig i 1999, til stor glede for små og store handballspelarar i AHIL. Fram til vi fekk eigen hall i 1999 måtte vi over fjorden med ferja frå Eikenes til Dale for å spele på heimebane i Fjalerhallen. Ein trente då i gymsal i Askvoll, Vårdal og Holmedal (og gjerne ute på asfalt på sommarhalvåret). 

Foto: Alfred Bamse