Bli med på Handballskule i Askvoll!

I 2022 arrangerte vi handballskule i Askvollhallen i haustferien 10.-12. oktober, for 2.-8. klasse

  • 2.-5. klasse kl.10-14
  • 6.-8. klasse kl. 11-15

Vi evaluerer og tek med oss erfaringar frå årets handballskule, og planlegg for ny handballskule haustferien 2023.

Dette er REMA 1000 Handballskulen:  

Norges Handballforbund er ansvarleg for REMA 1000 Handballskulen som blir arrangert av AHIL Handball. 

Handballskulen er eit tilbod til alle, anten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøve for første gang. Elevane vil bli delt inn i grupper etter alder. Det vil bli lagt opp til allsidig trening og leik, og det skal vere kjekt å vere med. Dei to første dagane må ein ha med seg niste, og siste dagen blir det servert pizza. Frukt og drikke får ein kvar dag. Ta med drikkeflaske med vatn.

Dette får du: 

Blir du med på REMA 1000 Handballskulen får du i tillegg til mykje moro, eigen handball, t-skjorte og diplom.  

Påmelding for 2022:  

Føresette/foreldre melder deg på REMA 1000 Handballskulen på

https://klubbsidenhandball.nif.no/handballskole_arr.asp

AHIL sin handballskule finn ein under Region VestPåmeldingsfristen er 23.09.2022. Maks 40 plasser.

Pris:

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane støtta Handballskulen i 2022, og det blei derfor litt prisreduksjon. I 2022 kostar det kr. 500,- å delta på handballskulen. Søskenmoderasjon: kr. 400,- for barn nr. 2 og fleire.

Kontakt:

For meir informasjon ta kontakt med Synnøve Rivedal på tlf 975 85 474 /synne.rivedal@gmail.com

Med venleg helsing 

Norges Handballforbund/AHIL Handball 

https://www.handball.no/regioner/nhf-sentralt/praktisk-info/praktiske-verktoy/handballskoler/rema-1000-handballskolen/