2022:
Arrangeres på Skuleidrettsplassen 27 - 29 juni.
Tidspunkt 10.00 - 14.00 kvar dag.
Deltakaravgift på 600 kr.
Alle i alderen 6 til 12 år kan delta på Tine Fotballskule arrangert av AHIL-fotball.
Meld barnet ditt på her
Trykk "jeg er forelder", deretter registrer barnet med barnet sitt namn, deretter vil du kunne legge deg til som forelder/foresatt til barnet ditt.
Påmeldingsfristen er 24.06.2022
Kontaktperson: Eline Vårdal. Du når ho på telefon eller mail.
2021: Årets Tine Fotballskule i Sogn og Fjordane fotballkrets og i Noreg.
Artikkel fra SFFK om Tine Fotballskule 2021
Artikkel fra NFF om Tine Fotballskule 2021
Åge Hareide oppsummerer etter gjennomført Tine Fotballskole.
Miriam Mjåseth informerer om påmeldinga til Tine Fotballskule 2021.
2020: Avlyst pga Covid-19.
2019:
Tine Fotballskule arrangert i øs pøs 1 - 3 juli, særdeles våt affere, men likevel veldig kjekt.
2018 - Årets Tine Fotballskule i Sogn og Fjordane.
Askvoll/Holmedal IL får prisen med følgande grunngjeving:
AHIL stod fram som ein trygg og inkluderande arrangør. Både deltakarar og vaksne som var tilstades følte seg velkommen og atmosfæren var god mellom spelarane.
Fotballskulen var godt planlagt med instruktørsamling før oppstart, der sportsleg opplegg vart gjennomgått. Organisering var også god. Inndeling i små grupper førte til stor aktivitet og lite venting for spelarane. Aktiviteten var godt tilpassa dei ulike alderssegmenta. Keeperar hadde eit eige tilbod på fotballskulen. Vaksne instruktørar hadde ansvar for gjennomføring, og klubben får eit ekstra pluss for fleire kvinnelege trenarar, noko dei også hadde eit særskild fokus på. I tillegg var andelen jenter som deltok på fotballskulen på 50%. Applaus!
TINE var godt profilert, både i navnet på fotballskulen, på stadion i form av banner, t-skjortar og flotte sekkar levert av TINE og på facebook-sida til klubben i form av flotte bilete og gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Deltakarne hadde felles lunsj, med vaksne tilstades, og TINE-produkt vart servert saman med nistepakke som deltakarane hadde med seg. Avslutning med grilling siste dagen var ekstra stas.
Det er ikkje tvil om at spelarane sit tilbake med gode opplevingar frå fotballskulen i Askvoll, noko tilbakemeldingar på facebook-sida deira stadfestar: «Jentene våre har hatt det veldig kjekt! Stor takk til dåka som laga til!» og «Eit kjempeopplegg – NN har storkosa seg!»……
Askvoll/Holmedal er ein liten klubb i vår krets. I år arrangerte dei Kongleriket Miniputt-turnering (serieordinga for 6-10 år) med heile 84 lag! Dette er store arrangement som krev mykje dugnadsarbeid, og tyder på at det er driftige folk som engasjerer seg i fotballaktiviteten.