Ein gira gjeng som var kjempefornøgd med fergetur til kamp i strålande solskinn.

På Våge stadion møtte vi eit strukturert Fure lag med ein bunnsolid keeper. Litt trøblete i starten, men med litt omstrukturering kom vi oss gjennom første omgang uten att målforskjellen var for stor. 

Kjempe bra med frukt i pausen og alle var motivert for neste omgang.

Andre omgang satt mykje bedre og vi hadde noken fantastiske gjennombruddspasninger som resulterte i fleire mål. Til slutt enda resultatet på 12-11 til Fure som vi må sei oss godt fornøgd med. Det var ingen sure miner på ferga heim igjen sjølv om seieren ikkje satt.

Laget gjorde veldig mykje bra når det gjelder pasningspel og vendinger og dei to som sto i mål hadde fokus gjennom heile kampen. No er det tilbake til trening der vi skal jobbe med struktur på baneplassering og fokusere litt på forsvar. Vi vill og prøve oss på egen keepertrening for dei som vill stå i mål.