For andre gang denne sesongen måtte AHIL jentene dra på seg vestar i borteoppgjøret, forrige gang var mot Kaupanger.

Loen hadde gjort heimeleksa si godt, og var tett oppi oss fra første spark ballen, og i ein såpass tett serie så kostar det å ikkje være påskrudd. Loen visste å utnytte dette, og fekk 1 mål nåkså tidleg i omgangen.

For å kompensere for fysikken og intensiteten til Loen, så måtte vi opp på same nivå som heimelaget i duellane, samt auke farten i alt vi gjorde utpå bana. Sakte men sikkert kom vi meir og meir inn i kampen og fekk presentert vårt spel. Før omgangen var ferdig hadde Sonja utligna til 1-1. Andre omgangen byrja lik som første, med eit heiltent Loen som fossar i angrep og får inn deira mål nr 2. Ørjan tar kjapt nokre grep frå sida, og rett etter utlignar Talina til 2-2. 

Deretter er det kun eit lag på bana. Vi spelar rett og slett flott og hurtig fotball, og når Sonja finner ut ho skal sette på Sonja-show så er det ingen veg tilbake. 3 mål, hattrick og 2-5 er stillinga då dommaren bles til full tid!

Sjølv om vi leda 2-5 så var jentene ikkje nøgde. Med 5 min igjen ofra Sigrid alt i ein hodeduel og heddar i innsida av stanga, ballen spretter langs streken før keeper får tak i den. Siste angrepet kjem av ein pasning til ein veldig aleine Weronika på høgrekanten. Hun spring i frå alle og skyter i krysstverra ut. Eit utrulig bra skot,  og veldig nærme 2-6! Emina, Lilly og Jenny var også nære å skore i denne kampen.

Atløyningen i Anna kom òg til syne heilt på slutten av kampen i form av eit keeper-raid kor ho kom seg forbi dei aller fleste på Loen, men dessverre fekk ho ikkje med seg ballen forbi siste forsvararen. Jenny Kristin blei med i angrepet, så her var det millimeter fra å være 2 mot keeper. Om Anna ikkje fekk mål i denne kampen, så er vi overbevisst om at ho kjem til score snart - for hennar utspark set ofte motstandarkeeper i ein svært vanskelig situasjon!

Ein vanvittig god andre omgang av jentene som denne vårsesongen har eit tap, eit uavgjort og 4 sigrar. I denne kampen spelte Anna, Celina, Alvina, Trude, Jenny, Emina, Sonja, Talina, Victoria, Weronika, Lilly og Sigrid. Mille skulle med rette være med, men måtte melde avbud grunna brot i armen - vi håpar ho er kjapt attende på treninga og bana med laget.