Sju glade ni år gamle jenter reiste måndag kveld til Naustdal og spelte ein veldig god kamp. Dei skåra heile åtte flotte mål. Fire i kvar omgang. Resultatet vart til slutt 8-4 til AHIL-jentene.

Dei som spelte var Olea, Nikke Marie, Nora, Live, Ea, Eiril og Sina. Olea og Nikke Marie stod i mål kvar sin omgang.

Både innsatsen og humøret var topp!

Vi vart tatt svært godt imot av kampvertar, dommar og trenarar frå Naustdal, noko som var med på å gjere det til ein veldig kjekk kveld for både jentene våre og dei vaksne som var med.