Denne kampen skulle eigentleg vore spelt 13 juni, men Førde 3 ønskte byte kampdag. Utan å sjekke med eige lag, satte vi ny kampdato 18.6, og måtte då stille til kamp utan Lisa, Sigrid, Linnea og Victoria som alle var vekkreist. Dessutan måtte Weronika kaste inn håndkledet grunna sjukdom idag tidleg. Dette var ein lærdom som vi tek med oss vidare. Heldigvis er J13 ei stor spelargruppe så alle tilgjenglige jenter som skal være med på Norway Cup mønstra til kamp idag og tidvis køyrte over Førde 3.

Rett før dagens kampen fekk Anna vite ho var tatt ut til  krets-turneringa som skal være i Ullsteinvik i august. Det som allereie er ein travel fotballkvardag for keepertalentet blir endå travlare, men ho er klar!

Så til kampen, etter 13 minutt satte Amelia inn 1-0 etter flott spel. Då 22 min var spelt utlikna Førde, men 4 min før pause fekk AHIL frispark i farleg posisjon.

2-1 til pause.

8 min ut i andre omgang utligna Førde igjen, før dei tok leiinga med 8 min igjen å spele av andre omgang. Utrulig bittert utifrå kampbildet, men 2 min før fulltid set Sonja inn utligninga og kampen endar 3-3. Uavgjort i dagens kamp er eit ok resultat utifra sjansar og spel.

Det var mange idag som måtte spele med småskader etter trøkkar undervegs i kampen ettersom vi starta med 1 innbytter og fekk 2 innbyttere undervegs. Det var mange som ønskte bytte undervegs i kampen, men då det ikkje var mogleg beit dei tenna saman og haldt fram utan å senke tempoet eller innsatsen. 

Med dette er vårsesongen til J13 (beståande av 2010 og 2009 jenter) ferdig, og dei har hatt ein utrulig flott vårsesong med personlig meistring og meistring som lag, gode resultat, gode lagsprestasjoner, gode enkeltprestasjoner og mykje moro.

J13 9ar:

Førde 2 - AHIL 2-1 (1-0). Første 9ar kamp for jentene og vi har tatt store steg sidan vår første kamp.

AHIL - Eid 1-4 (1-1). Uanvgjort 1-1 til pause mot frustrerte Eid-jenter. Vi tapte til slutt, men gav serievinnar god fight til siste slutt. 2 "flaksemål" kor ballen skifta retning gjorde at vi tok ned guarden litt, og lot dei sette inn 1-4 enkelt på slutten.

AHIL - Florø 3-2 (2-1). Grei siger mot Florø som havna rett bak oss på tabellen. Vi har hatt god kontroll på Florø siste åra.

Sogndal - AHIL 0-0. Ein fantastisk laginnsats mot Sogndal kor vi har stolpeskot på slutten.

AHIL - Førde 1 0-2 (0-1). Eit diskutabelt straffespark (ball mot hand vs. hand mot ball?) førte til 0-1. Vi eksperimenterte litt på slutten med posisjonar og måtte betale for det. Men veldig grei gjennomføring mot Førde sitt beste lag.

Gaular - AHIL 2-2 (0-1). Her kunne det blitt 2-20, men når vi ikkje set sjansane våre, samt at Gaular aldri gir opp, så blei det 2-2.

Etter dagens kamp ser tabellen slik ut

Dette seier vi oss veldig nøgd med, sjølv om det er bittert å vite at vi kunne klart å hatt 13 poeng og dermed vore i ryggen på Eid, Førde 1 og Sogndal.

J13 7ar:

AHIL - Kaupanger 2-3 (2-1). Denne kampen kontrollerer vi greit, men vi tar foten av gasspedalen før full tid.

Kaupanger - AHIL 3-3 (2-1). Jamn kamp som vi leda 2-3 med 2 minutter igjen å spele, så finner Kristoffer ut han skal bytte medan Kaupanger er i angrep...

AHIL - Breimsbygda 3-0 (2-0). Solid gjennomføring av gjengen.

AHIL - Loen 3-0 (3-0). Andre kampen på rad utan baklengs.

Breimsbygda - AHIL 1-5 (1-4). Storspel fra jentene.

Loen - AHIL 2-5 (1-1). Etter ein forsikrig start trøkka dei på i andre omgang.

Og med dette blei vi avdelingsleiar etter endt vårsesong.

No er det ferie for jentene, men vi kjem til halde det gåande for dei som er heime gjennom ferien slik at Spjelkavik, Fjellhamar og Oppsal skal få det trått når vi møter dei i gruppespelet i Norway Cup!