Denne veka var det to kampar på G17.

Første kamp var borte mot Jølster som tydlegvis var fast bestemt på revansje etter at vi vant mot dei heime tidlegare i vår. Første minuttane var ganske jevne, men Jølster tok kjapt over initiativet og det var tydelig at vi ikkje hadde dagen. 1-0 kom etter ca 10 min, og til pause stod det 2-0. I pausen var vi einige om å starte på nytt og trøkke til, men det ville seg ikkje. Jølster fortsatte sitt press og vant til slutt 6-0.

Fredag var det heimekamp mot Gaular/Dale. Vi var einige før avspark om at kampen skulle vinnast, og at vi skulle avslutte med stil. Alle var einige om at vi måtte ta duellane i større grad enn vi gjorde mot Jølster. Kampen starta litt rolig for vår del og Gaular/Dale tok ein tidelig ledelse. Men vi kom fort tilbake og utlikna på korner, der Iben var på rett plass og stanga inn 1-1. Etter dette tok vi meir og meir kontroll over kampen, og putta både 2 og 3 før pause. Vi var tett opp i duellane og klarte å gjere Gaular/Dale frustrerte. Dette fortsette i andre omg, og når vi sette både 4 og 5, gjekk lufta litt ut av motstandaren. Resten av kampen hadde vi god kontroll og styrte da meste. Hadde fleire gode angrep som kunne resultert i ein endå større siger. Sjølv om Gaular/Dale reduserte, så var de aldri noko tvil om kor poenga skulle havne. Viktor  fastsatte sluttresultatet til 6-2 ved å sette ballen i mål frå avspark :-). Målskorera var: Iben, Viktor 2, Sander 2 og Johan.

Strålande avslutning på ein god vårsesong alt i alt. Har spelt fleire gode kampar og er faktisk einaste laget som har tatt poeng frå Førde.

Tabell

Gutane sitt store mål for sommaren er Norway cup, og dei vil difor trene meir enn vanlig denne sommaren. Tidlegare lagkompiser er heime på skuleferie, og blir med på trening og NC.

Heia AHIL G17!