Atløyjenta og Lyn-spelar Miriam Mjåseth og mediasjef i Lyn Thomas Nordeng tok med resten av Lyn spelarane slik AHIL-jentene fekk møte dei. Det var stor stas å møte Tandberg, Jorde og Fink som for ikkje lenge sidan spelte J19 EM finale, samt resten av damene. Lyn hadde gratis vafler og kaffe til oss etter kampen også.

Tusen takk til Lyn og Lyn-spelarane som tok seg tid til bilde og autografer i solsteiken etter sigeren mot Kolbotn. Målscorer i kampen var Katinka Tandberg. Dette var stor stas!