Endeleg var Norway Cup i gang for gutar 17. I dag møtte vi Falkeid IL. Eit lag vi kjente lite til på førehand, men kampen starta jamt med to tente lag som kjempa godt. Etter halvspelt 1. omg tok AHIL til seg initiativet og produserte fleire sjansar. Likevel var det eit gjennomspel frå Falkeid som gav uttelling. 0-1, noko som og var stillinga til pause.

Pausa brukte vi godt og alle såg at denne kampen var fullt mulig å vinne. Vi blei einige om å fortsette å trykke på som i 1. omg, og etter ca 5 min blei Viktor spelt fint gjennom. Han sette ballen sikkert i mål til 1-1. AHIL fortsatte presset og like etter var det Iben sin tur, 2-1 til AHIL. Falkeid hadde no lite å by på, men forstod at det lønna seg å slå ballen i bakrom. Dette gav resultat til 2-2. 2-3 kom etter at Emil i AHIL buret var ute og fanga eit gjennomspel, men samtidig kolliderte med Falkeid spissen. Han blei då utvist i to min samtidig som Falkeid scora på straffa dei blei tildelt.


AHIL hadde det då travelt og pressa på. Eit skudd i tverra og eit annullert mål på slutten oppsummerar dagen godt.

Vi satser på at uflaksen er brukt opp og at det blir stang inn i morgon når vi møter Porsanger kl 1055. Heia AHIL!