Vi hadde nok ikkje den beste oppladning til kamp ved å tilbringe nesten 5 timar på Tusenfryd, men det var fryktelig kjekt!

Kampen mot eit av dei beste jentelaga i Oslo, blei som forventa ei tøff affære. Dei første minuttene var prega av nervøsitet frå begge lag som ikkje fekk til noko særleg spel, men som til gjengjeld gav alt i duellane. Litt etter litt fekk begge lag meir flyt i spelet sitt, og det var Oppsal som først scora etter eit fint gjennomspel. Ingeborg var millisekunder frå å klarere denne før den trilla over målstreken, men det gikk akkurat ikkje.

Dagens kaptein, Talina, oppmuntra laget til å gønne på, og rett etter fekk vi uttelling. Etter godt samspel på venstresida fekk Sonja flikka ballen med seg og aleine mot keeper er ho kald og set ballen sikkert i nota, 1-1. 

Ikkje mange minutter etterpå viser Amelia sin høge fart med ball i beina, då ho spring frå alt og alle på Oppsal og knalla ballen i mål.

Det stod 1-2 til oss då dommaren blas til pause. Vi hadde hatt mange store sjanser ved Sigrid, Talina, og Lisa etter gode pasninger frå Victoria og Lilly, men det blei berre med nesten.

Første delen av andre omgang pressa vi Oppsal heilt tilbake, og vi hadde mange angrep kor vi sprang Oppsaljentene i senk. Det er ikkje lett å forsvare seg når Lisa, Sonja, Amelia, Lilly og Sigrid set på turboen. Dei få avslutningene som var mot Anna tok ho sikkert i klypa, og forsøka som var i bakrom var ho ute å takla i kjent Atløy-stil.

Victoria og Trude som var med å rullere på topp gikk på smarte løp og opna rom for midtbana.

Etter høgt press av Weronika fekk vi ballen på blank kasse foran mål, her var Lilly og Talina centimetere frå å score, og rett etter satte Amelia ballen rett over tverra.

Vi hadde kampen under kontroll, og bak i forsvar hadde forsvarssjef Linnea full kontroll og dirigerte Celina, Ingeborg, Emina og Synne. Vi følte det gikk mot siger til grønt, men ut av intet (sett med AHIL auge) fekk Oppsal ei utligning. Eit skudd som Anna sit venta på skifta retning i eit AHIL-bein og går i mål.

No skifta kampen plutselig karakter og Oppsal blir med meir i kampen. No vil begge lag vinne, og begge lag føle dei kan vinne. Vi er tilbake til nervøst spel og duellspel. Med under eit minutt igjen av kampen sender Oppsal avgårde ei blanding av innlegg og skot, som får ein perfekt boge over Anna og i mål. 3-2, og dommaren bles av kampen. Dette var ein sur avslutning på ein flott dag.

Jentene har god grunn å være stolt av seg sjølv etter denne kampen. Vi var einige om at vi skulle vinne over Oppsal utifrå innsats og vilje, og her knuste vi dei!

I morgon ventar Spjelkavik som spelte 0-0 mot Fjellhamar tidlegare idag.