I dag var det klart for kamp 2 for G17 gutta våre. Kampen gjekk på Rustad kor motstander var Porsanger IL frå Finnmark. Kampen starta litt som i går med stillingskrig med eit lite AHIL-overtak. Likevel var det ei god Porsanger-kontring som førte til 0-1. Gutane våre ga aldri opp og denne kampen skulle vinnast. Vi fortsatte føringa i kampen, og etter ca 15 min kom utlikninga på corner ved Kristoffer. Viktor var deretter kjapt frampå og putta 2-1. Dette resultatet haldt seg til pause.
I 2. omg kom eit hardtjobbande Porsanger meir med, men 3-1 kom etter ca halvspelt omgang ved Sander. Samme mann var frampå litt før slutt og fastsatte sluttresultatet til ein 4-1 siger!

Ein flott kamp og vi gjer oss no klar til siste gruppekamp mot Gjøa frå New York på Ekeberg i morra. Heia AHIL!