Idag var det Spjelkavik som stod på motsatt halvdel. Laget frå Ålesund er eit fysisk sterkt lag som inviterte til harde duella og fysisk tøft spel. AHIL jentene takka til invitasjonen og vi fekk sjå ein svært spanande kamp frå to gode lag.

Første omgang bydde ikkje på nokre store sjansar verken eine eller andre vegen, og begge lag sleit med å etablere noko spel. Vi justerte vår 3-3-2 formasjon litt ved å trekke Sonja litt tilbake for å ha meir ammo på midten frå starten av. Vi halt Spjelkavik på trygg avstand frå Anna i målet vårt, og vi var frampå på nokre halvsjansar via kantane. Amelia og Lilly hadde kvar si avslutning på mål, medan Sonja og Sigrid fekk avslutta til sides for mål. Det var greit at omgangen enn å ut til 0-0. 

I pausen blei vi einige om å gå endå meir til, jentene var derimot ikkje einig i at 3-3-1-1 var noko tess. Dei ønskte tilbake til det kjente med 2 reine spisser, og med 16 viljesterke jenter som argumenterte godt, så blei det slik.

Trude og Victoria jobba godt på topp og fekk mørna Spjelkavik-forsvaret slik at Sonja, Lilly og Sigrid hadde litt meir sletne spelarar å jobbe mot.

På midten var Talina sentralt solid og gav ikkje etter i ein einaste duell. Lisa, Weronika og Emina rullerte på kant og jobba utrettelig fram og tilbake på bana. Bakerst rullerte Linnea og Amelia på å spele sentral, medan Alvina, Ingeborg, Celina OG Synne rullerte på back. 

Etter jentene fekk tilbake sin kjente posisjon tok vi meir og meir over ballspeler og initiativet i kampen, sjølv om det var fysisk hardt utpå. Sonja hadde ein som snissa krysstolpen samt ein som blei redda ved at ein Spjelkavik spelar la seg på ballen på streken. Ved den påfølgande iveren på å få ball og spelar over streken fekk vi frispark i mot. Vi hadde mange cornere, og Lilly og Linnea var uhyre nær.

Jentene leverer nok ein gong! Dei speler god, tøff fotball samtidig som dei held hovudet kaldt i lunka situasjonar. Jentene frå heile Askvoll kommune, bestående av 2009 og 2010 modellar viser nok ein at dei eit veldig godt lag og kan hamle opp med reine 2009 lag frå kor som helst.

På lagbilder er følgende spelarar, bak frå venstre:

Synne Storøy Ask, Emina Grimelid Hegrenes, Trude Olset, Talina Holen, Celina Flaten Vårdal, Sonja Margrethe Hagen Waagane, Lilly Hawkes, Sigrid Haug, Amelia Marta Sroga, Linnea Steinsund Høyvik, Weronika Wasik, Lisa Gjervik, Victoria Kvammen og Alvina Norstrand.

Framme er Ingeborg Bontveit Høyvik og Anna Salskår Gjervik.

Etter kampen såg vi morgondagens motstander  Fjellhamar mot Oppsal. Fjellhamar vann 1-0, og med det toppar dei tabellen med 4 poeng framfor Oppsal med 3 poeng. Spjelkavik er på tredjeplass med 2 poeng, medan AHIL ligg på siste med 1 poeng. Game on!