Denne kampen gikk på Valle Hovin. Takk til Siv og Guro som møtte tidleg å plukka mengder gåseskjit vekk frå bana. Dei 40 kanadagjessene som var der har vore flittige iløpet av natta.

I første omgang spelt vi i 6 graders oppoverbakke og skulle ta litt defensiv tilnærming medan vi spelte i motbakke, men jentene gønna på og gikk rett i strupen på Fjellhamar. Ved eit tidspunkt hadde dei ballen innpå halvdelen til Fjellhamar over 5 min i strekk med frispark og utallige hjørnespark. Fjellhamar blei tatt på senga over innsatsen til dei grøne krigarane. Nærmast mål i denne kampen var Victoria som fekk slengt  seg fram på eit hjørnespark og sendte ballen mot mål. Korleis Fjellhamar fekk klarert frå mål er ei gåte!

I andreomgang spelte vi i nedover bakke og var samde om å gå ut i 120! Dette fulgte jentene opp. Det tok ikkje lange tida før Talina fekk eit klokkereint treff og sendte ball og keeper over streken. Keeperen var våken og bevegde seg kjapt utanfor streken att, men heldigvis såg dommaren at ballen var over. Rett etter då Sonja var åleine gjennom og blei takla som siste jente reint på mål, så presterte dommaren dessverre ikkje å blåse. Brutalt, men sånn er det i fotballen.

Fjellhamar kom meir og meir inn i kampen, og etter eit lite Fjellhamarpress endte ballen opp i armen til ei grønkledd jente som hadde armen godt inntil kroppen. Dommaren peikte på straffemerket, og Fjellhamar smelte ballen bak ein sjanseløs Anna. Dette gav energi til Fjellhamar! Kampen endra karakter, og Fjellhamar fekk løfta spelet sitt. På god gammaldags Fergie-tid fekk Fjellhamar endå eit mål.

Dette var fryktelig vondt, denne kampen fortjente jentene verkeleg å vinne! Dessverre hadde vi ikkje fru Fortuna med oss. Vi takka Fjellhamar og ein svært audmjuke dommar for kampen.

I B-sluttspelet møte vi anten Lyn eller Bergen Nord, denne kampen går på torsdag. Vi havna i ei veldig tøff gruppe, men det er nydelig å sjå at AHIL-jentene bit i frå seg mot kven det måtte være.

Trenarar og foreldre er utrulig stolt over innsatsen til jentene! Etter kampen møtte vi Lise Klaveness som ville snakke med jentene om korleis dei hadde hatt det, og for å ta bilde saman med oss. Jentene smigra ho i senk, og ho gikk sin veg som AHIL-fan.