G17-laget spelte i dag sin siste gruppespelskamp på Ekeberg. Motstander var Gjøa BC Brooklyn frå New York. Siger med 2 mål ville føre til gruppesiger. Dette viste seg frå start å bli ein jevn og tøff kamp mellom to hardtjobbande lag.

AHIL ville virkelig vinne denne kampen, og det var ein sliten gjeng som gjekk til pause på 0-0.

2 omg starta som første, men mot slutten av kampen virka det som laget frå New York gjekk litt tom for krefter. AHIL pressa høgt og Gjøa slo ball i bakrom mot ein kjapp spiss. Forsvaret vårt hadde tydlegvis tatt lærdom etter første kamp og rydda greit unna. Vi skapte nokre store sjansar mot slutten, men det ville seg ikkje i dag og kampen ebba ut med stillinga 0-0.

Dette betyr at vi kl 0900 torsdag skal møte Søndre Land på Lamberseter til kamp om plass i kvartfinalen i B-sluttspelet.

Heia AHIL!