Lyn fekk dessverre ballen i mål etter eit godt samspel på deira venstreside, og kampen døde ut med 1-0 siger til Lyn.

AHIL-jentene spelte ein enormt god kamp kor dei gav alt. Fleire jenter sprang til dei fall saman og kjempa heroisk for kvarandre. Det har vore ein fryd å sett kamp-spiriten deira kamp etter kamp, og korleis dei har stått i mot, og vore fult på høgde med gode lag frå Oslo og Ålesund. Det er ein fantastisk flott gjeng!

Sjølv om Lyn vann 1-0, så var vi absolutt tilstandes i kampen og hadde vore sjanser - men det blei stang ut istedenfor stang inn. 

Vi er fryktelig stolt av jentene sine prestasjoner etter denne helga, på og av bana!

Etter kampen var det mange tårer frå AHIL-jentene, stor kudos til Lyn trener som kom bort og skrytte av AHIL-jentene og særskilt kor ho tok seg tid saman med Anna. Ho fortalte at alle på Lyn var mektig imponert over keeper-talentet vårt!