Saman med lagkompis Nandor Engen frå Dale Handball har Viktor vore på Bylag 15 år (gutar fødd 2006) sesongen 2021/2022. Neste bylagsamling er helga 26.-27. mars i Bergen (samling 5). Viktor har deltatt på alle samlingane som har vore denne sesongen. Framover kan gutane bli tatt ut til samling 6 og NM Bylag i mai.
Endå meir imponerande blei Viktor også tatt ut til Regional Landslagssamling i september 2021. Deretter kom Viktor med på samlingane i oktober, november, februar og mars 2022. Dette er Region Vest sitt uttak til regionale samlingar for landslag som gjeld gutar fødd i 2006.
Viktor spelar i år på samarbeidslaget Dale/Askvoll-Holmedal G16, som deltek i serien i Bergensregionen. Laget trener fast i Dale saman med Dale G18, med trenar Jonny Pedersen. Treningstilbodet i Dale gjev gutane ein treningskvardagen med høg kvalitet på treningane, noko som viser att i svært god utvikling av handballferdigheiter hjå gutane våre.