G17-laget vårt hadde kampstart mot Søndre Land allereie kl 0900 på Lamberseter i dag. Kampen starta bra med eit stort AHIL-press og det tok ikkje mange minuttane før vi gjekk opp til 1-0. Vi fortsatte presset omgangen gjennom, utan å få vidare uttelling.

2. omgang starta med redusering frå Søndre Land, men samling i bunn gjorde til at vi raskt kom oss tilbake i kampen og kunne juble for 2-1. Likevel ga ikkje SL opp og kunne redusere til 2-2 på straffe.

Meir mål blei det ikkje og kampen gjekk til ekstra omganger og straffespark. Dette blei ulidelig spennande med mange gode straffer og ikkje minst redningar. Kampen blei ikkje avgjort før alle 22 spelarane hadde tatt ei og nokon to straffer. Totalt blei det 26 straffer! Dessverre var det ein skuffa AHIL-gjeng som måtte konstatere at Søndre Land vant 9-8 til slutt.

Dermed er eventyret ute for G17-laget vårt som har hatt ein fantastisk opplevelse på Norway Cup!

HEIA AHIL!!