Gutter 15 kom i ei svært tøff pulje med Dallas Texas, Heming og Hamna. 

Dallas T kom rett fra Gothia og Danacup som vinnere der. Det vart tap mot Dallas og Heming, og uavgjort mot Hamna i gruppespelet.

I B-sluttspelet vart det lokaloppgjer mot Sandane. 1. omgang var til tider jamnspelt med sjanser til begge lag. Men når vi gjekk til pause låg vi under 1-0. 2. omgang vart prega av ein del slitne bein og skader. Vi kom ikkje heilt opp på det nivået vi ønska å være og Sandane scora 2 gonger, sluttresultatet vart 3-0.

Innsatsen gjennom turneringa har vore svært god, og vi har fått kjent litt på kor høgt nivået kan være.

Stor takk til André og Bengt Ronny som har følgt gutane både natt og dag. Dei har tatt seg godt av alle og vore på fleire utflukter gjennom veka.

Takker og foreldre som har bidratt på dagtid.
Takk til Magne og Stein Erlend for god lagleiing.

Takk også til planleggingsgruppa som har stått på og lagt løpet for cupeventyret vårt.

Heia AHIL!