Igår møtte vi eit svært godt Sogndal-lag med ei Maria Heggestad i storform! Vi visste at Sogndal er ein enorm sterkt motstandar og at det kom til bli tungt idag. I vår klarte vi 0-0 på Kvåle Stadion, og Sogndølene var nok svært interessert i å rette på dette.

Sogndal er eit svært spelande og bevegande lag, og dei får ballen til å gjere jobben for seg. Det vil sei at vi må ligge kompakt og skape små rom for dei, og ha ein innsats som ikkje ligna grisen for å øydelegge spelet deira. 

Sogndal gikk ut i hundre, og frøken Heggestad var svært aktiv i alt dei foretok seg. Sogndal var det førande laget heile omgangen, men vi klarte halde dei vekke frå målet vårt dei første 10 minuttane. Deretter løsna det for Sogndal og dei fekk 4 mål. Jentene var instruert i å spele hardt bakover på bana, og dette resulterte i eit korrekt idømt straffespark. Heggestad mot Saltskår, og ved eit tigersprang får Anna redda straffa og på returen stupe ho uredd i beina på Sogndalspelaren og får slått den til hjørnespark.

I pausen får AHIL trenar tilsnakk av jentene då han har tatt Linnea av bana for å prate litt med ho undervegs, men gløyme sette ho innpå igjen. Vi var einige om at Sogndal hadde vore eit mykje betre lag, og at det ikkje var noke å sei på resultatet. Likevel er jentene positive og seie til kvarandre at vi må berre fortsette å jobbe. Enkelte jenter viser til enkeltepisoder og seie det var deira skuld at da førte til mål, men da var resten av jentene raskt på pletten og nekta for at nokre av jentene var skuld i baklengsmåla. Det er ein fantastisk lagkjemi på dette laget! Vi er samde om gløyme første omgang, og starte på nytt den siste omgangen. Same kampplan - være komptakte, gå til i duellane og ligge på linje med Linnea i forsvar.

Anna haldt fram i mål. I forsvaret spelte Linnea midtstoppar medan Alvina, Synne og Celina rullerte rundt Linnea. På midtbana rullerte Talina, Lisa, Sigrid, Emina og Lilly, medan Ingeborg, Sonja og Amelia byta på å være fremst. I andre omgang mot Songdal fekk vi sjå eit heilt nytt AHIL-lag som spelte med låge skuldre. Dei gikk meir til i duellane, og byrja snakje meir saman. Spissparet jobba og meir saman i andre omgang enn kva dei gjorde i første. Amelia og Sonja blei revet overende fleire gongar på veg framover utan at vi fekk noko for dette, men ved eit høve ved hærlig klikk-klakk fotball leika Amelia og Sonja seg forbi Songdalforsvaret, og Amelia fekk avslytta. Dessverre gikk den i stolpen og tilbake til Talina som akkurat ikkje nådde ballen og fekk avslutta mot mål. 

Bakover i andre omgang hadde vi 100% kontroll sjølv om Sogndal fekk 2 mål. Desse kom ved at angriparen til Sogndal fekk ballen medan ho var i klar offside, dessverre plukka ikkje dommaren dette opp. Trenarbenken til Songdal var einige at dette var svært heldige mål. Slike klare offsidemål vel vi å sjå vekk frå sjølv om dei blir oppført i kamprapporten. Anna fungerte som sweeper og hadde fullstendig kontroll på det som var av farligheter på vår halvdel. Ho hadde færre redningar enn i første omgang, men det er fantastisk å sjå kor uredd og trygg ho er utanfor keeperfeltet sitt. Det er få som les spelet slik som ho.

Forsvaret spelte ein fantastisk andre omgang. Linnea og gjengen var utrulig flink i å halde korrekt avstand til midtbana, og forsvarslinja var snorrett heile omgangen gjennom. Synne og Celina spelte kanskje sin beste omgang nokon sinne. Dei var flink å kommunisere og nølte ikkje i noko av det dei foretok seg, dessutan trappa dei opp det fysiske duellspelet ein heil del. Linnea og Alvina er flink å falle av i riktig tid, og er flink til å styre spelarane inn mot midten kor det er fleire AHIL-spelarar til å hjelpe til.

Sentralt spelte Talina ein kjempeomgang, og ho spelte med eit smil om munnen da ho og resten av midtbana lykkast i å få Sogndal til å slutte spele ball, men heller prøve trokle seg gjennom. På sida gjorde Lisa ein kjempeinnsats, og spesielt defansivt har ho tatt store steg. Sigrid og Lilly spelar med stor energi, og springer og kjemper til dei er tom for krefte og nærmast må bærast av bana, dette til stor inspirasjon for dei andre på laget. Ingeborg, som ofte har blitt sett på som ein spelar med defansiv styrke, tok Sogndølane ofte med på løpetur og fekk levert ballen inn til spissparet vårt. Ho er stor og sterk og flink til å halde på ballen slik vi får komt etter med laget vårt. På topp rullere Emina, Sonja og Amelia på å jage ball og stresse Songdalforsvaret. Etter ein litt svak førsteomgang kor spissane jobba åleine kvar for seg, blei det andre bollar i andre omgang. Desse tre jentene representerer stor fart, uhald og ikkje minst vilje!

Vi tapte mot eit svært godt lag, men i andre omgang viste jentene karakter og var fullt på høgde med Sogndal. Etter helga sin VAR-fadese er det ikkje sikkert det hadde endt 4-0 om var hadde vore brukt på Kvåle Stadion, men linjedommarar hadde nok annulart dei to scoringane som kom i andre omgang.

Etter kampen ordna Harriet og Geir pizza, og det var god stemning i garderoba før vi vendte nasa mot Askvoll att. Jenten har god grunn til å være stolte av seg sjølv etter denne kampen, og det samhaldet som er innad i laget er heilt unikt!