Dette var ein kamp vi burde vunne, men atter ein gong slepp vi inn enkle mål på dødballer så her har vi ein jobb å gjere. Tross det må vi gje gutane skryt for ein godt gjennomført kamp.

Kampen starta med eit vedvarende AHIL press med mykje bra spel der vi pressa Gaular bakover på bana. Men vi greidde ikkje å omsette sjansane til mål. Istaden får Gaular eit enkelt mål på eit frispark frå midtbana. AHIL fortset det gode spelet og kjem stadig til målsjanser, og halvvegs i omgangen spelar vi oss gjennom og Heine setter inn utlikninga 1-1. Første omgang ebba ut med 1-1. Andre omgang blir mykje som første med mykje godt spel og fleire angrep som med litt meir tur kunne gått i mål. Heine setter inn 2-1 med eit flott skudd /lobb på ein utspelt Gaularmålmann. No virker det som vi skal ro seieren i land, men nok ein gong får vi eit mål imot på eit hjørnespark, ganske bittert.

Men dette var ein kamp med mykje bra spel gutar, ta det med vidare!