Ein god kamp på kunstgraset i Høyanger med ei innhenting og mange mål. Rett og slett publikumsvennlig!

AHIL-Fure stilte med 10 spelarar i form av Jacup, Aksel, Tim, Alfred, Nicolas, Olai, Åsmund, Hedda, Johannes og Ola. Vi låg under 3-1 til pause, men tok godt tak i andre omgang og vann til slutt 4-6. Måla scora Åsmund, Nicolas, Ola, Johannes og Aksel. Lagmoralen er god i dette laget og vi kjempa godt og klarte å finne ut av effektive og gode Høyanger spelarar etterkvart. Stor innsats frå heile gjengen. Vi er på ei god bølgje så det er god grunn til å skryte litt over laget!

Vi skal ha ein kamp til denne veka så det er bra med utfordringer.

Heia AHIL/Fure!