2.-5. klasse kl.10-14

6.-8. klasse kl. 11-15

Dette er REMA 1000 Handballskulen:
Handballskulen er eit tilbod til alle, anten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøve for første gang. Elevane vil bli delt inn i grupper etter alder. Det vil bli lagt opp til allsidig trening og leik, og det skal vere kjekt å vere med. Dei to første dagane må ein ha med seg niste, og siste dagen blir det servert pizza. Frukt og drikke får ein kvar dag. Ta med drikkeflaske med vatn.

Dette får du:
Blir du med på REMA 1000 Handballskulen får du i tillegg til mykje moro, eigen handball, t-skjorte og diplom.

Påmelding:
Føresette/foreldre melder deg på REMA 1000 Handballskulen på
https://klubbsidenhandball.nif.no/handballskole_arr.asp 
AHIL sin handballskule finn ein under Region Vest. Påmeldingsfristen er 23.09.2022. Maks 40 plasser. 

Pris:
Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane har støtta Handballskulen og det blir derfor litt prisreduksjon. Det kostar kr. 500,- å delta på handballskulen. Søskenmoderasjon: kr. 400,- for barn nr. 2 og fleire.

Kontakt:
For meir informasjon ta kontakt med Synnøve Rivedal på tlf 975 85 474 /synne.rivedal@gmail.com