Søndag 11. september reiste 11 klare Ahil jenter til Svelgen for å spele 9-ar kamp. Ein god del av laget lada opp med sauesanking i Askvollfjella dagen før. Det skulle vise seg å vere ei god opplading. Jentene synte full tenning frå start, med flott spel og fleire store sjansar. Til pause stod det 0-3 til Askvoll.

I andre omgang fortsatte jentene med eit meget godt spel. Vi stod godt i alle ledd, både angrep, midtbane og forsvar. Vilde var, som alltid, trygg og god i mål. Då sluttsignalet gjekk stod det 1-10 til Ahil.

Denne kampen var først og fremst ein lagsiger. Det er likevel kjekt sjå at vi lukkast godt med fleire mål frå langt hold.

Målscorarar: Lilly x 2, Amalie x 3 og Lana x 5

Laget: Vilde-Mia-Lone-Hanna-Angelica-Julie-Lilly-Signe-Lana-Dyveke-Amalie