Onsdag møtte vi Atløy på skuleidrettsplassen. Det var mykje godt spel på begge lag. Jentene pressa på gjennom heile kampen, men ballen ville ikkje i mål. Atløy var effektive på sine sjansar og vant til slutt 0-4. Trenarane er godt fornøgde med innsatsen til jentene. Dei jobbar godt og har ei utruleg god utvikling! No blir det skuddtrening framover! Takk til Atløy for kampen og takk til Linea for dømming.