Dette var eit nytt lag som vi ikkje har møtt før, så vi var litt spent. Før kampen bestemte vi oss for at vi skulle presse høgt og ikkje spele med for stor avstand mellom midtbana og forsvaret og spele mykje ball. Det var noko som definitivt vart gjort og spelarane tok ansvar. AHIL/Dale pressa høgt og vant tidleg ein corner. Alve la corneren presis på pannebrasken til Sander: 0-1 etter 5 min. No har vi godt driv framover. Sivert får ein lang pasning som finner Heine som setter ballen sikkert i mål 0-2. AHIL/Dale spelar no veldig fin fotball og vinn dei fleste duellar på midtbana, dersom Tambar kjem forbi møter dei eit veldig sterkt AHIL/Dale forsvar som spelar ball seg imellom og framover. Sivert kjem på skuddhold og lader kanonen 0-3, som også blir pauseresultat.

2. omgang er ikkje gammal før Tambar får ein corner der Sander er uheldig og setter ballen i eget mål 1-3. Dette set ikkje ein stoppar for det gode spelet vårt. Sivert finner atter ein gong Heine framfor mål 1-4. Adrian i godt driv framover, gjennombrudd pasning til Oliver som set kursen mot mål, der ligg Sivert som set ballen sikkert i mål 1-5. Tambar får tildelt ein straffe og det vert 2-5. Heine tar seg gjennom forsvaret og det vert 2-6 som blir sluttresultatet.

Alle spelarane skal vere veldig stolte, for i denne kampen spelte dei god og fin fotball. Keeperen spelte som alltid godt. Forsvaret sto som ein vegg. Midtbana vant duellane og fant kvarandre. Spissane var bevegelige og spelte smart.

Lag:David, Leander, Sander, Adrian, Håkon, Alve, Viljar, Arin, Sigurd, Sivert, Heine, Oliver, Faradja og Elias.