Litt rotasjon, men veldig likt laget som sist 7ar turnering vant stort mot Breimsbygda, og tapte mot Loen i den andre kampen. Vi mista Amelia og keeper Anna til kretslagsamling, men stiller såpass sterkt at vi ønsker å vinne begge kampane. Sonja spela førsteomgang mot Loen som keeper, Talina stod andreomgang og mot Breim. Sigrid kjem inn for Amelia.

På oppvarminga verka laget ikkje klar til å trøkke til, det var også litt forvirring om vi møtte Loen eller Breim først. Denne usikkerheita førte til eit kampbilde i første omgangen mot Loen der vi ikkje har det lille ekstra i duellane og posisjoneringa. Vi sliter med å gjere det vanskelig for Loen og opna dermed kampen opp for sjangsar i begge enden av bana. Vi får skapt nokon sjangsar, men dei har dei fleste og største. Talina scora 2 for oss, eit av dei etter flott spel saman med Lisa, men dei er det beste laget i omgangen og scora 5. I andre omgang liknar vi meir på det laget vi har vore i år, og kampbilde snur til ein heilt jamn kamp. Vi får til nokon gode angrep, men får ballen aldri i mål. Vi slepper inn eit mål tross godt spel i andreomgang. Kampen avslutta 6-2 til Loen.

Mot Breim viste vi at 20 min pause ikkje hadde ødelagt for fokuset. Jentene var klar for kamp, og skapte mykje, men sleit med å få uttelling. Det var ein kjekk kamp å sjå, med mykje duelspel og sjangsar i begge endane. AHIL hadde dei fleste sjansane, men sleit med å få ballen i mål. Breim hadde også nokon gigasjangsar vi er heldige som ikkje går inn. Vi hadde derimot Sonja som igjen mot Breim scora mål på mål. AHIL vant 5-1 etter 5 mål av Sonja. AHIL J13 spelde derimot veldig flott til tider i kampen, og det var synd fleire skudd ikkje gjekk i mål. Dagens kaptein, Lisa hadde sin beste kamp sentralt i bana og viste at hun kan styre midtbana med gode gjenvinningar, hardt arbeid i duellane og gode pasningar framover. Ingeborg viste mykje av det same, og fungerte bra som erstattar når Lisa måtte ha pause. Begge nær mål på langskudd. Sigrid vant mykje duellar på sida med høg arbeidsvilje, og var den mest mutlege gjennom heile dagen. Forsvaret med Linea, Celina, Mille, Alvina og Trude gjorde ein god jobb tross mange mål imot. Måla kom ofta av å vere i undertall og det blir utnytta.