Det har vore varierande prestasjonar av J13-jentene i dei siste 4-5 kampane, nokre gode kampar og nokre der vi ikkje liknar oss sjølv. Vi starta høstsesongen med nokre kjempegode kampar, utan å få den uttellinga vi ønske. Eg har venta på at vi skal vise same nivået igjen. Heime mot Førde 2 merkast det allerede på oppvarminga at vi var tilbake med både innsatsen, fokuset og seriøsiteten som trengs for å vinne i dinna vanskelige ligaen vi har kjempa oss inn i på våren. Frå første sekund av kampen styrte vi kampen inn i vår kampplan. Dette til tross for at vi med ein gang må gjere endringar i pressplanlegginga vår. Endringa mestra jentene med ein gong, får uttelling når vi vinn ballen høgt oppe, og Amelia får ballen forbi keeper etter nokre driblingar og ein tøff duell med keeper. Vi spelar ein av våre beste omgangar, men får dessverre ikkje resultatet vi ønsker frå omgangen når Førde kjem seg bak forsvaret og set inn 1-1 rett før pause.

Jentene var gira og fokuserte i pausen, og fortsatte dermed i same spor i andreomgang. Dessverre er vi begynt å bli litt sletne. Gjennom mesteparten av andre omgang gjer vi alt rett, men grunna litt slurv i posisjoneringa når vi er slitne kjem Førde gjennom eit par gonger der dei ikkje kom gjennom i første omgang, og får uttelling på nokon av desse, 1-3 til Førde. Mot slutten, på stillinga 1-3 fortsetter jentene å springe og presse høgt, noko som fører til at Talina får skutt inn 2-3 etter at ballen er vunne høgt i bana. Målet kjem dessverre litt for seint for å få med oss poeng. Det hadde vore kjempespennande å sett kva vi kunne gjort med 5-10 min til, men kampen ender 2-3.

Jentene viste posisjoneringsevne, fokus og fight når Førde hadde ballen i dag, og kombinasjonspel her og der som kunne ført til fleire mål med ballen. Vi styrer i dag kampen inn i vårt spor og gjer Førde dermed nesten berre farlege på spel i bakrom. Der slepper vi dei til nokon gangar, men fortsatt godt løyst av forsvaret og keeper Anna.

Vi har ikkje spelt so godt på 4-5 kampar no. Godt å sjå dei ikkje mista det nivået etter vanskelige resultat i høst. Vi beit oss fast i 1 div, og ved å henge ved i 1 div kontra å gå ned i 2 div så vil det være langt tøffare motstand. På vårt beste er vi jamngode med dei beste.

Fleire jenter skada seg, men dei ga seg aldri tross det. Amelia måtte dessverre til slutt gje seg etter andre smellen på same ankelen (spark/overtråkk).