GU13 7ar var søndag i Loen og spelte kamp mot Loen/Vikane.

Utifrå tabell, skulle vi kunne spele mykje ball oss i mellom, men det viste seg fort at dette skulle bli vanskelegare enn fyrst antatt. Loen pressa oss til å gjere mykje feil, og klarte å presse oss bakover på bana. Dette resulterte i at Loen tok leiinga 1-0. Utover i omgangen klarte vi å få etablert meir spel, og kom til mange sjangsar som vi ikkje klarte å omsetje til mål. Men på siste sparket på balen fekk vi kriga den i mål. 1-1 til pause.


I 2. omgang fekk vi sett laget litt beire, og hadde i grunn god kontroll. Spelet heva seg mykje, men måla uteblei. Etter mykje bra spel, fekk vi sjå to angrep som starta frå eigen keeper, som virkeleg var klasse over. Det eine resulterte i mål, det andre i nettveggen. Kampen ebba ut med seier 2-1 til Askvoll.


Alt i alt ein god prestasjon å vinne på ein mindre god dag på bana.

Må og berømme Loen, som spelte mykje fin fotball, og som fort kunne scora fleire mål utan ein god keeper i Askvollmålet.

 

Heia AHIL :-)))