Vi leda faktisk 7-0 til pause, og den omgangen synes eg vi spelar veldig godt i lag. Vi legg eit godt press på Jølster og har mange fine angrep. Vi er 14 spelarar som er godt tente og det blir fine kombinasjoner. Denne omgangen er vi rett og slett veldig gode. Andre omgang er vi ikkje så presise, så denne vinn vi då 2-0. Samla er det 9-0. At vi ikkje slepper inn mål er ein viktig ting å ta med seg, og det skuldast godt fokus i dei bakerste ledda og litt flaks. Vil gje litt ekstra skryt til Olai som gjekk inn og spelte med Jølster resten av kampen då dei fekk ein skade. Lone dømmer godt.

Vi har no to kampar igjen av sesongen, og dei gler vi oss til.

Laget i dag er Aksel, Alfred, Nicolas, Olai, Åsmund, Hedda, Tarjei, Jayden, Ola, Tim, Jonatan, Eirik, Jan og Jacup. Måla scora Åsmund, Alfred, Jonatan, Ola, Tarjei og Nicolas. 


Heia AHIL/Fure!