Ca 40 jenter og 50 leiarar, trenarar og ressurspersonar var samla i Sogndal i 2 dagar med fokus på jentefotball. Frå Askvoll deltok Lana via J15-akademiet, og Lone og Nora som var påmeldt via SFFK. I tillegg var fleire av foreldra påmeldt programmet for vaksne.

For jentene bestod helga i trening på Campus Fosshaugane, seminar med fokus på kosthald, søvn restitusjon, treningsformer mm. På laurdag var det også fellessamling og sosialt. Søndag fekk jentene omvisning på Campus, Sogndal VGs og treningssenteret. Deretter blei det spelt internkamp, før jentene såg 2 divisjonskampen mellom Sogndal FK Damer og Øvrevoll Hosle 2. 

Programmet for dei vaksne innehaldt informasjon om SFKD (Sogndal FK Damer), klubbutvikling og sportsleg utvikling med fokus på jenter, tilrettelegging for at jenter og gutar skal få likestilt tilbod i klubb, korleis rekruttere og behalde jentene lenger i fotballen. Det var også tid til mingling over ein kopp kaffi og kaker – og sjølvsagt fekk ein sjå på både trening og internkamp til jentene.

AHIL har fått veldig gode tilbakemeldingar på samlinga, ei kjekk og inspirerande helg!