Vi avslutta vår- og haustsesongen med mixlag og kampar i hallen. Etter kampane var det duka for pizza og brus! J10 og J11 er ein herleg gjeng  med jenter med mykje godt humør og stor innsatsvilje! Vi samarbeider godt på tvers av laga og stiller opp for kvarandre når ein treng låne spelarar! Med spelarar frå Bulandet/ Værlandet, Flokeneset/Kvammen, Holmedal og Askvoll er det ein flott arena for å bli kjende og ha det kjekt saman med jamnaldrande.