J13 har til tider spelt so bra at dei har fortjent meir poeng i høst. Forrige kamp fekk vi endelig eit poeng, og ettersom dette var siste mulighet på 9ar til å vinne ein kamp i høst så starta jentene med skikkelig insats og trøkk, tross eit trist og kaldt regnveir. Vi gjer det så vanskelig for Sogndal å spele at det blir ein duellkamp. Der vinn vi mykje, men sjansane vi kjem til blir vanskelige å avslutte. Sogndal scora 2 i første grunna småfeil som blir utnytta til det fulle, og eit godt frispark. I pausen var jentene veldig fokuserte og klar for andreomgang. I andre omgang finn vi endå eit gir og kjem til ein del gode sjansar som dessverre aldri går heile veien i mål. Spesielt Amelia som fekk prøve seg som spiss i dag, kjem til mange sjansar som kunne blitt mål. Dessverre er det Sogndal som igjen utnytter ein mindre feil fullt ut.

Men jentene fortsatte å presse på tross 3 mål i mot, og til slutt får vi lønn for strevet. Ein corner frå Sonja går bak dei fleste som spring inn i feltet. Der er Ingeborg og får ballen gjennom feltet og i mål med eit hardt og godt skudd, tross dårlig balanse og press frå Sogndal. Sogndal scora sitt fjerde heilt mot slutten etter at vi missa på ballen i forsvar. Dessverre som dei fleste kampane i høst so reflektera ikkje resultatet kampbildet,
kvaliteten og innsatsen til jentene. Tross det var dei fornøyd med eigeninnsatsen i dag, og reiser heim kalde med eit smil.