Vi har hatt eit godt samarbeid med J10 på trening og når det har vore bruk for hjelp på kamp.

Jentene har spelt to uavgjorte kampar og vunne resten i haust. Jentene har stått på og jobba hardt, og det har vore ei fin utvikling på alle spelarane.

Trenergruppa Dag Ivar, Arve og Siv vil gjerne fortsette å følgje den treningsvillige gjengen utover hausten/vinteren, og vi håpar å få til nokre kampar eller cupar.