Då var det tid for den siste bortekampen for G13 7ar, og det skulle vise seg å bli ein «rysare» av ein kamp. Gutane virka litt smånervøse under oppvarming, som igjen gjenspeila spelet i fyrste omgang. Det var stille, litt slurvete pasningar og mottak. Sjølv om vi spelte oss til fleire sjangsar var det noko som mangla. Vi klarte 3-3 til pause. Pausepraten gjekk på at vi måtte opp med kvaliteten, samle oss på midten og større vilje ute på bana. Det fungerte ikkje… Plutseleg stod det 6-3 til Eid. Sjølv om vi produserte mange sjangsar og fint spel til tider no, ville ikkje ballen i mål. Til slutt reduserte vi til 6-4 før Eid gjekk opp i 7-4. Då vakna gutane, og viste at dei hadde lyst å vinne kampen. Med eit kvarter igjen av kampen, tok det litt av. Gutane våre vann fortjent 7-8.
Komande søndag er det siste og avgjerande kamp for gutane. Møt opp og hjelp dei til ein KM tittel.