J13 startar festen lørdag med to kampar mot Stryn kl. 13 og 15.

På søndag er vi så heldige at Dale Handball sine seniorlag spelar i Askvollhallen. Damelaget til Dale er i 3 divisjon, og møter søndag kl 12:00 Viking TIF frå Bergen.

Deretter er det herrane som er klar for lokaloppgjer mot Førde/Gloppen 2 i 5 divisjon. På herrelaget spelar i år «våre» AHIL-gutar Viktor Haugen, Brage L Hansen og Kristoffer A Torsheim.

J13 avsluttar festen mot Eid klokka 15:30 søndag.

Vi lover god stemning, spennande og fin handball, og godt utval i kiosken.

Vi håpar på mykje publikum. Velkomen!

Heia AHIL og Dale Handball