Vi oppsummerte sesongen og snakka litt om neste år. Etter ein vårsesong med litt varierande resultat tok gutane revansj på hausten og spelte betre og betre utover sesongen. Dei avslutta med ein andreplass på tabellen, men marginane var små, det kunne fort gått mot tabellseier.

Trenarar og lagleiar takkar gutane for ein flott sesong der turen til Norway Cup var høgdepunktet. No ventar Førdecup og vi gler oss til ei actionfylt helg i Førdehuset i november. 

Heia AHIL/Dale!