I første kamp starta vi forsiktig mot eit godt og svært offensivt Gaular-lag. Det blei difor lite spel og mange skudd frå 9 meter, og tap av ball i angrep. Dermed blei det også eindel scoringer imot på åpent mål, sidan ein oppfordrer til at keeper er med opp på dette nivået, for å skape overtal og fleire muligheiter for å score. I andre omgang valgte gutta å spele utan at keeper var like aktivt med opp, og vi fekk til meir spel og færre scoringer imot på åpent mål.
I pausen fekk gutta opp energien og humøret etter sosialisering på tribuna med godt påfyll frå kiosken.
Neste kamp mot Førde blei kjekk og jevn, der alle gutane fekk kjenne på mestringsfølelse gjennom godt lagspel, scoringar og gode tilbakemeldingar frå lagkompisane. Gutane heier på kvarandre og humøret er på topp! Nok ein gong fekk vi kommentar på at vi er laget med best humør :-) Og det er målet vårt; å ha det gøy, på og utanfor bana!
Vi takker Dale Handball for ein fin dag i Fjalerhallen, og ønske super-trenaren vår Inger Johanne god betring. Du e best, ingen protest!
Heia AHIL!