G13 7ar med seriefinale mot Loen søndag 30 okt.
Då var det duka for siste kamp, og ein kamp for kretsmesterskapet. Loen kom med eit litt svekka mannskap (kun 7 spelarar), noko som synte seg tidleg å vere til vår fordel. Fokuset vårt blei igjennom kampen å halde fokus på å gjere jobben vår, spele ball som eit lag. Dette klarte dei fint begge omgangane.
Ahil hadde med alle spelarane som hadde mulighet til å kunne spele, 14 stk. Då bytta vi alle i pausen, så alle fekk speletid. Vi leia 6-0 til pause, og sluttresultatet blei 11-1.
Vi må få takke alle som tok turen for å heie gutane inn til kretsmesterskap.
Takk for i år:)
Etter kampen feira vi KM-tittelen og ein alle tiders sesong med pizza på Fjordhotellet :-)))
Vi vil takke alle som har støtta og heia på laget gjennom sesongen :-)))
STOR APPLAUS TIL GU13 :-)))
HEIA AHIL :-)))