Denne helga har AHIL-fotball, saman med fotballvener frå heile fylket, vore på Miljøhelga til NFF Sogn og Fjordane. Miljøhelga er eit av fleire tiltak kretsen initierer for å skape gode møteplassar for klubbleiarar, dommarar, trenarar, tillitsvalde og engasjerte fotballfolk.

På laurdag var det foredrag, paneldebatt og prisutdeling, og på sundag var det leiarmøte. AHIL var representert begge dagane.

AHIL fotball fekk utdelt prisen for årets dommarklubb 2022. Denne prisen er takka vere alle dei dyktige dommarane våre med Vilde Mattevik Vilnes i spissen. Erik Strømmen og Egil Arne Vårdal fortenar også applaus, som følgjer opp og rettleiar dei unge dommarane. Holmedal Elektriske AS, som sponsar dommarsatsinga i klubben, gir oss høve til å køyre dommartrio i dei fleste kampar, samt at dommarane stille i rette klede. I tillegg skal spelarar, trenarar, lagleiarar og føresette også ha honnør, for at de let dommarane få utvikle seg som dommar, og bruke kampane som ein treningsarena.

Ikkje nok med dette, så fekk Vilde Mattvik Vilnes prisen for årets unge dommar 2022. Kriteria for denne prisen er at vedkommande skal ha ein klar profil, vere pliktoppfyllande, ha god regelkunne, god fysikk og evaluering. Her fekk ho topp score og stakk av med prisen. Vilde har imponert som dommar sidan ho starta som dommar i klubben for tre år sidan. Ho har til no mellom anna vore assistentdommar i Norsk Tipping-ligaen og i kretsligaen, dømt på Norway Cup og på talentsamling på Hamar. I tillegg har ho gjennomført kurs og i haust tok ho også på seg ansvaret med å vere dommaransvarleg i klubben. Ho er ein pådrivar for å skape eit godt dommarmiljø i klubben og er eit førebilete for andre unge dommarar. Dette er ein pris ho fullt og heilt har jobba for sjølv, og vi i AHIL familien kan ikkje anna enn å bøye oss i støvet og gratulere ho med ein vel fortent pris.

Til slutt på laurdag kveld fekk Siv Tønder utdelt blå diplom for særskilt godt arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane. Siv starta som lagleiar i 2014 og har sidan då engasjert seg for fotballen i AHIL som ansvarleg for Kongleriketurneringane, styremedlem sidan 2017 og Fair Play ansvarleg sidan 2018. Vi gratulerer og takkar Siv for arbeidet og tida ho har lagt ned så langt!

Heia AHIL!