J13 var ikkje nøgde med innsatsen mot Førde førre helg, men mot Florø i Askvollhallen laurdag, var jentene tilbake i slag.
Først slo dei Florø 2 nokså klart. Deretter vart det 14-14 mot Florø i særs spennande kamp. Det er viktig å få trening i å ta ansvar i slutten av slike jamne kampar. Det er slik håndballkampar ofte blir avgjorde, men denne gongen vart det uavgjort. Det var heilt fair.
Veldig kjekke kampar der jentene viste mykje bra spel. Kjekt å sjå at laget har god breidde og at fleire spelar trivst i ulike roller.
Stor takk til Egil Vårdal som dømde kampane.