Trass i at laget berre hadde ein innbyttar, hadde dei krefter nok til å vinne begge kampane mot Høyanger i Askvollhallen i dag.
Den første kampen enda 24-15 og den andre 23-14. Jentene frå Askvoll var tolmodige og drog i begge kampane i frå i andre omgang. Jentene viste stor vilje til å springe og gje alt for den grøne drakta. Slik skal det vere.
Grøn power!
Stor takk til Egil Vårdal som dømde kampane i dag.